Fine dagar bør brukast utandørs og laurdag 25. september var ein slik. Signe, Jon Arve og Kristian pakka sekken med sjokolade, kaffi, fiskestenger og ved og sette kursen mot vest. Fiske- og "topptur" i Øygarden!
søndag 26. september 2010
Fisketur i Øygarden
onsdag 8. september 2010
Montanus Gulus
Gulfjellet (Gulfjellstoppen) er Bergens høgaste punkt.Pretensiøse bergenserar kallar toppen Gullfjellet. Namnet har ingenting med edelt metall å gjera, ein reknar i staden med at gul kjem av vind. Jan Magnus, Eivind Hjallis, Sigrid, Jon Arve og Kristian la i veg etter jobbtid tirsag 8. september. Strålande seinsomarver og godt humør på samtlege, bortsett frå Hjallis som tidleg gjorde det klart at han sleit med ein skade frå fotballtreninga dagen før.
Eit openbart strategisk feilgrep var å gå opp frå Gullbotn, sidan me då gjekk i skugge heile vegen. Prioriteten var uansett å komme seg raskt opp og ned for òg å få med seg Norge sin landskamp mot Portugal. Tempoet var nok til å få puls og for lågt til å mista pusten. Praten gjekk såleis livleg oppover lia.
Etter ein kort og ein litt lengre pause nærma me oss toppen raskt. Eit par andre sjeler møtte me òg. Frå toppen var det fin utsikt i alle retningar. Jon Arve kunne sjå heim til Tysnes og var difor i perlehumør. Turen opp tok 1,5 time inkludert pausar. Same vegen ned vart gjort unna på ein liten time. Ein perfekt kveldstur med andre ord. Berre Jan Magnus hadde tidlegare vore på Gulfjellet, men alle var einige om at toppen er undervurdert samanlikna med dei andre turfjella rundt Bergen. Definitivt verdt eit besøk! Dersom ein startar turen i Gullbotn tjuvstartar ein litt og slepp unna med omlag 760 meter stigning av dei opprinnelege 987.

fredag 16. juli 2010
Jon Arve-festival med noko attåt

Kristian var dum og urutinert nok til å ta den tunge dra-jobben opp dei første kleivene. Resten av karane la seg i ryggen og nytta seg av grovjobben til denne staute Fitjarbuen. Omlag halvvegs tok sluggeren Jon Arve over teten. Han rista av seg karane, berre Kristian hang med. Det er svært bratt opp frå Myrdal, eit kjapt overslag på GPS-dataene gjer ein gjennomsnittleg stigning på 30 %. Tempraturen låg på rundt 20 grader, men heldigvis tiltok vinden på veg oppover. I den siste brattebakkjen set Jon Arve inn dødsstøyten. Både rykket og attituden har noko Usain Bolt-isk over seg. Rødtoppen frå Fitjar er sjanselaus. Jon Arve klokkar seg sjølv inn på småpene 29 minutt. Kristian kjem eit knapt halvminutt seinare. Utsikta frå Tysnessåta kronar ei flott helg på Tysnes. Ein noko eplekjekk Jon Arve joggar så halvvegs ned frå fjellet og følgjer jentene opp til toppen att.

torsdag 24. juni 2010
Fedjebjørnen temma!

Hovudgrunnen vår til å besøke Fedje i juni var fotball på lågt nivå. Hordaland fotballkrets hadde med all sin kløkt funne ut at fotballaget vårt skulle møte Fedje på sommarens mest forblåste dag. Liten storm på utsette stader kunne Eli-Kari love. Og Fedje-grusen er ein utsett stad.
Problemene byrja tidleg. Halve laget skulle sigle opp frå Bergen i optimistjolla til Jan Magnus "Kaptein Vom" Aase dagen i forvegen. Dei stranda på Manger då motorhavari førte til mytteri blandt mannskapet frå Årstad. Dei vart liggande på Manger til dagen etter. Resten av laget måtte såleis kjøre omveg for å plukke opp dei skipsbrotne sjøhulkane. Dette førte igjen til at det ikkje vart tid til å handle proviant. Det vart eit råkjør for å nå ferja til Fedje, men det gjekk med eit nødskrik. Proviantbunkring var sett på som viktig, sidan mesteparten av laget hadde planlagt å overnatte ei natt i telt på Fedje. Når me så kom over til øya, viste det seg at nærbutikken hadde lukka dørene for helga. Desperasjonen slo ned i samtlege, spesielt i nemnte Kpt.Vom. Det var likevel ikkje tid til å bekymra seg, kampen starta straks. Som i dårlege lag flest, skranta det på oppmøtet og ei kjapp opptelling synte 10 mann. Mario Stecher fekk ein vanskeleg jobb med å velgje formasjon. Kampen vart en parodi av ein fotballkamp og minna aller mest om ein ørkenstorm, der vernebriller burde vore obligatorisk utstyr. Til alle si store øverasking vant me kampen 2-1, etter ein imponerande laginnsats.
Raid på Stordafjellet. Mehammersåto - Fitjar og Stord

Me starter altså klokka 0800 sundag morgon. Ved å gå opp frå nordaust er planen å streife innom det høgste punktet i Fitjar på vegen opp. Dette er 680 moh og ligg berre nokre hundre meter frå "Såto" er 749 moh. Det er mange ruter opp frå austsida og Langenuen, men ingen av dei har sti heile vegen. Det raskaste er nok å ta ein av skogsvegane frå Børtveit eller Mehammer så langt det går, og så finne vegen opp på eigahand. Eventuelt kan ein gå opp frå den vakre garden Eide, litt lengre nord. Me vel ein skogsveg på Mehammer. Den viser seg først å ikkje gå nokon stad, men etter litt opp og ned kjem me inn på rett spor.
Turen opp går radig. Me bytter på å dra. Ein del klatring vert det òg. Følg elva-taktikken fungerer best der det ikkje er fossar. Dyrelivet er upåklageleg, i tillegg til oss sjølve opplever me ryper, hoggormar, sau og ørn på kort hald.
tirsdag 25. mai 2010
Fjell - Liatårnet
Kommunevåpenet til Fjell ser lovande ut for dristige fjellklatrarar. I tillegg til måsen (som er eit reint plagiat av Haugesund sitt våpen) kan ein skimta tre mektige fjelltoppar.
Dei er betydeleg mindre i røynda, med Liatårenet som den høgaste. 341 meter ragar denne over over Sotra.
Vel framme ved Fjell gard var det berre å spør første og beste pensjonist om vegen. Det lønnar seg som regel og denne dagen var ikkje noko unntak. Han guida oss trygt mot "russerstien" som går frå rv.555 og opp til Fjell Festning. "Russerstien" er ein steinsatt, bratt sti bygd av sovjetiske krisfangar under krigen. Fjell Festning dekker eit stort område og er pepra med interessant krigsminner. Definitivt verdt eit besøk - meir info her. Bjørn Magnus fekk lirt av seg nokre kvalitetsgloser på tysk, og humøret var på topp.
Dei er betydeleg mindre i røynda, med Liatårenet som den høgaste. 341 meter ragar denne over over Sotra.
Såleis er det ein overkommeleg sundagstur for dei aller fleste. Dersom ein vil gjere litt meir ut av det heile, er det heilt mogleg å legge opp til ein lengre rundtur. Sigrid var i utgangspunktet skeptisk til ein så kort tur som dette, og i bilen vart det rala om at me burde jogga opp på Førdesveten i Sund samme dagen. Det var medan det enda var sol.

Frå festningsområdet gjekk me ei lita sløyfe sørover og nedover mot vegen igjen, før me retta snuten mot Liatårnet. Sidan dette var andre pinsedag traff me nok av folk. Ulikt turfolk i Bergen, helsar Sotra-strilen på fjelltur. Koseleg.
På veg oppover tjukna det til over oss. Regnet kom likevel ikkje før me akkurat hadde nådd toppen. Då kom òg vinden i kraftig kast. Surt. Me fekk overtalt ein bikkjekald joggar i tights til å ta eit bilete av oss. Ikkje før han hadde forbanna veret første gangen, så kom haglet piskande. Han angra på at han hadde valgt kondomdressen denne dagen. Noko alle som har brukt kondomdress egentleg burde gjere.
Sigrid, Bjørn Magnus, Kristian og Jon Arve
Turen opp tok ein time, ned noko mindre. Då drog Bjørn Magnus fram den store, gode sjokoladen sin, og alle koste seg. Men sidan ingen hadde kledd seg spesielt godt, og såleis var ganske våte, vart det ikkje snakka meir om Sund og Førdesveten.
søndag 25. april 2010
Meland - Eldsfjellet
Søndag 25.04.2010

På denne søndagsturen var me så heldige å få med oss Signe og Sigrid, dei respektive fruene. Frå Bergen var det omlag 40 minutts kjøring før me kom til Skurtveit, som ligg på vestsida av fjellet. Turen oppover gjekk på ein fin sti i eit fint terreng. Oppe på platået mista me raskt stien, men kom oss likevel greit innover. Signe trossa graviditetskvalmen og etter omlag 1,5 time fann me varden som markerar Eldsfjellet sitt høgaste punkt. Det var sterk vind, men med kaffi og nokre sjokoladerestar var humøret på topp.
Utsikten frå toppen var god på tross av noko overskya ver. I nord kunne me skimta Fedjebjørnen, i sør Mehammarsåta og i aust Manger på Radøy. Turen ned gjekk fort og me var attende med bilen på ein halvtime.
torsdag 22. april 2010
Askøy - Kolbeinsvarden
Onsdag 21.05.2010
Første topp mot målet var av den lite ambisiøse sorten. Askøyværingen er ikkje kjent som nokon stor fjellklatrar, men personar som Dagfinn Lyngbø og Ingrid Espelid Hovig gjev likevel gode assosiasjonar for folk flest. Så har dei heller ikkje nokon store fjell å klatra i. Ein kjent topp og turmål er Dronningen. Namnet må seiast å vera noko flatterande, sett i lys av at høgda er på beskjedne 188 moh.
Stort høgare er ikkje det høgaste punktet, Kolbeinsvarden (231 moh), og det var mot den me sette kursen onsdag kveld, 21.04.10. Følgjet besto av Signe, Jon Arve og Kristian.
Det er fleire stiar som går mot Kolbeinsvarden og ein kan kome opp frå alle himmelretningane. Me valgte å gå opp frå Erdal, via Sprengsdalen (ta av Florvågvegen ved Erdal kirke).
Turen opp var kort og litt blaut for Jon Arve sine joggesko. I eit særs behageleg tempo var me oppe og nede på 1,5 time. Det lokale turlaget har laga gode stiar og bruer i området.
Utsikta på toppen var god, særleg med tanke på at det i realiteten er ein knaus. Frå Kolbeinsvarden har ein godt utsyn mot Bergensfjella, Sotra og Meland.

Abonner på:
Innlegg (Atom)