Fedje er den minste kommunen i Hordaland, 9,4 km2 stor. Liten i areal, stor i opplevingar! Eller kanskje meir middels i opplevingar. Det kjem vel ann på auge som ser. Det er uansett ikkje ein kommune du kjem til med mindre du har eit konkret ærend. Øya ligg langt frå allfarveg for oss som forflytter oss mest på land. Den ligg derimot midt i farleia for skipstrafikken. Som ein følgje av dette ligg Fedje sin største attraksjon natulegnok på havbotnen. U-864, med sine 65 tonn kvikksølv, ligg feilparkert på 150 meters djupne i Fedjeosen. Han blir dyr å taue vekk, men vekk skal han (?). Nok om det. Hovudgrunnen vår til å besøke Fedje i juni var fotball på lågt nivå. Hordaland fotballkrets hadde med all sin kløkt funne ut at fotballaget vårt skulle møte Fedje på sommarens mest forblåste dag. Liten storm på utsette stader kunne Eli-Kari love. Og Fedje-grusen er ein utsett stad.
Problemene byrja tidleg. Halve laget skulle sigle opp frå Bergen i optimistjolla til Jan Magnus "Kaptein Vom" Aase dagen i forvegen. Dei stranda på Manger då motorhavari førte til mytteri blandt mannskapet frå Årstad. Dei vart liggande på Manger til dagen etter. Resten av laget måtte såleis kjøre omveg for å plukke opp dei skipsbrotne sjøhulkane. Dette førte igjen til at det ikkje vart tid til å handle proviant. Det vart eit råkjør for å nå ferja til Fedje, men det gjekk med eit nødskrik. Proviantbunkring var sett på som viktig, sidan mesteparten av laget hadde planlagt å overnatte ei natt i telt på Fedje. Når me så kom over til øya, viste det seg at nærbutikken hadde lukka dørene for helga. Desperasjonen slo ned i samtlege, spesielt i nemnte Kpt.Vom. Det var likevel ikkje tid til å bekymra seg, kampen starta straks. Som i dårlege lag flest, skranta det på oppmøtet og ei kjapp opptelling synte 10 mann. Mario Stecher fekk ein vanskeleg jobb med å velgje formasjon. Kampen vart en parodi av ein fotballkamp og minna aller mest om ein ørkenstorm, der vernebriller burde vore obligatorisk utstyr. Til alle si store øverasking vant me kampen 2-1, etter ein imponerande laginnsats.



