
Me starter altså klokka 0800 sundag morgon. Ved å gå opp frå nordaust er planen å streife innom det høgste punktet i Fitjar på vegen opp. Dette er 680 moh og ligg berre nokre hundre meter frå "Såto" er 749 moh. Det er mange ruter opp frå austsida og Langenuen, men ingen av dei har sti heile vegen. Det raskaste er nok å ta ein av skogsvegane frå Børtveit eller Mehammer så langt det går, og så finne vegen opp på eigahand. Eventuelt kan ein gå opp frå den vakre garden Eide, litt lengre nord. Me vel ein skogsveg på Mehammer. Den viser seg først å ikkje gå nokon stad, men etter litt opp og ned kjem me inn på rett spor.
Turen opp går radig. Me bytter på å dra. Ein del klatring vert det òg. Følg elva-taktikken fungerer best der det ikkje er fossar. Dyrelivet er upåklageleg, i tillegg til oss sjølve opplever me ryper, hoggormar, sau og ørn på kort hald.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar