fredag 16. juli 2010

Jon Arve-festival med noko attåt

Tysnesfest hadde i år vore snedige nok til å legge arrangementet same helg som den årlege Jon Arve-festivalen i Våge på Tysnes. Dette var nok for å få litt ekstra drahjelp. Alle har kanskje ikkje høyrt om Jon Arve-festivalen. Dette med god grunn, berre særs selebre personar vert invitert. Likevel var ikkje alle deltakarane høgare på strå enn at dei gjekk ned og digga litt DDE og A1 på laurdagskvelden. Det spørs om alle vert invitert til Casa Bjordals neste år.

Fredag til lørdag var musikk, øl og kubbespel. Sundag var turdag. Trond, Anders, Bodil, Sigrid, Jon Arve og Kristian la i veg med Tysnessåta som mål. Middagen var allereie på kok, så alle einast om å ta den kortaste ruta. Den går frå Myrdal Gard. Dette bruket vert dreve av ein nederlender som har spesialisert seg på produksjon av geiteost. Garden ligg 220 moh. og turen opp til Såta på 753 vert såleis betydeleg forkorta. Etter ei helg med mykje god mat og mykje godt i glaset var alle samstemte om ta turen som ei treningsøkt. Jon Arve, som har tråkka sine barnesko opp til Tysnessåta, skraut uhemma av sin personlege rekord på like under 27 minutt. Men det var då han var ung og sprek. No er han feit, forlova og snart pappa (!) :)

Kristian var dum og urutinert nok til å ta den tunge dra-jobben opp dei første kleivene. Resten av karane la seg i ryggen og nytta seg av grovjobben til denne staute Fitjarbuen. Omlag halvvegs tok sluggeren Jon Arve over teten. Han rista av seg karane, berre Kristian hang med. Det er svært bratt opp frå Myrdal, eit kjapt overslag på GPS-dataene gjer ein gjennomsnittleg stigning på 30 %. Tempraturen låg på rundt 20 grader, men heldigvis tiltok vinden på veg oppover. I den siste brattebakkjen set Jon Arve inn dødsstøyten. Både rykket og attituden har noko Usain Bolt-isk over seg. Rødtoppen frå Fitjar er sjanselaus. Jon Arve klokkar seg sjølv inn på småpene 29 minutt. Kristian kjem eit knapt halvminutt seinare. Utsikta frå Tysnessåta kronar ei flott helg på Tysnes. Ein noko eplekjekk Jon Arve joggar så halvvegs ned frå fjellet og følgjer jentene opp til toppen att.