søndag 25. april 2010

Meland - Eldsfjellet

Søndag 25.04.2010

Prosjektet fortset i ytre strok. Denne gangen tek me turen til Meland kommune og Holsnøy. For spesielt interesserte kan det seiast at Meland er den raskast voksande kommune i Noreg (3,9 % årleg befolkningsauke). Eldsfjellet er den høgaste toppen i kommunen, med sine 324 moh. Eit forsikteg steg oppover frå Kolbeinsvarden, med andre ord.


På tross av at Eldsfjellet ikkje er nokon koloss av eit fjell, ragar det over det omliggande landskapet. Grunnen er visstnok at Eldsfjellet består av ein spesielt hard bergtype. Dette har gjennom tida gjort at resten av Holsenøya har blitt slitt raskare ned og såleis altså ligg omlag 300 meter lågare. Den harde og næringsfattige steintypen gjer òg at det er lite vegetasjon på Eldsfjellet.

På denne søndagsturen var me så heldige å få med oss Signe og Sigrid, dei respektive fruene. Frå Bergen var det omlag 40 minutts kjøring før me kom til Skurtveit, som ligg på vestsida av fjellet. Turen oppover gjekk på ein fin sti i eit fint terreng. Oppe på platået mista me raskt stien, men kom oss likevel greit innover. Signe trossa graviditetskvalmen og etter omlag 1,5 time fann me varden som markerar Eldsfjellet sitt høgaste punkt. Det var sterk vind, men med kaffi og nokre sjokoladerestar var humøret på topp.

Utsikten frå toppen var god på tross av noko overskya ver. I nord kunne me skimta Fedjebjørnen, i sør Mehammarsåta og i aust Manger på Radøy. Turen ned gjekk fort og me var attende med bilen på ein halvtime.


torsdag 22. april 2010

Askøy - Kolbeinsvarden

Onsdag 21.05.2010

Første topp mot målet var av den lite ambisiøse sorten. Askøyværingen er ikkje kjent som nokon stor fjellklatrar, men personar som Dagfinn Lyngbø og Ingrid Espelid Hovig gjev likevel gode assosiasjonar for folk flest. Så har dei heller ikkje nokon store fjell å klatra i. Ein kjent topp og turmål er Dronningen. Namnet må seiast å vera noko flatterande, sett i lys av at høgda er på beskjedne 188 moh.

Stort høgare er ikkje det høgaste punktet, Kolbeinsvarden (231 moh), og det var mot den me sette kursen onsdag kveld, 21.04.10. Følgjet besto av Signe, Jon Arve og Kristian.

Det er fleire stiar som går mot Kolbeinsvarden og ein kan kome opp frå alle himmelretningane. Me valgte å gå opp frå Erdal, via Sprengsdalen (ta av Florvågvegen ved Erdal kirke).

Turen opp var kort og litt blaut for Jon Arve sine joggesko. I eit særs behageleg tempo var me oppe og nede på 1,5 time. Det lokale turlaget har laga gode stiar og bruer i området.

Utsikta på toppen var god, særleg med tanke på at det i realiteten er ein knaus. Frå Kolbeinsvarden har ein godt utsyn mot Bergensfjella, Sotra og Meland.