søndag 25. april 2010

Meland - Eldsfjellet

Søndag 25.04.2010

Prosjektet fortset i ytre strok. Denne gangen tek me turen til Meland kommune og Holsnøy. For spesielt interesserte kan det seiast at Meland er den raskast voksande kommune i Noreg (3,9 % årleg befolkningsauke). Eldsfjellet er den høgaste toppen i kommunen, med sine 324 moh. Eit forsikteg steg oppover frå Kolbeinsvarden, med andre ord.


På tross av at Eldsfjellet ikkje er nokon koloss av eit fjell, ragar det over det omliggande landskapet. Grunnen er visstnok at Eldsfjellet består av ein spesielt hard bergtype. Dette har gjennom tida gjort at resten av Holsenøya har blitt slitt raskare ned og såleis altså ligg omlag 300 meter lågare. Den harde og næringsfattige steintypen gjer òg at det er lite vegetasjon på Eldsfjellet.

På denne søndagsturen var me så heldige å få med oss Signe og Sigrid, dei respektive fruene. Frå Bergen var det omlag 40 minutts kjøring før me kom til Skurtveit, som ligg på vestsida av fjellet. Turen oppover gjekk på ein fin sti i eit fint terreng. Oppe på platået mista me raskt stien, men kom oss likevel greit innover. Signe trossa graviditetskvalmen og etter omlag 1,5 time fann me varden som markerar Eldsfjellet sitt høgaste punkt. Det var sterk vind, men med kaffi og nokre sjokoladerestar var humøret på topp.

Utsikten frå toppen var god på tross av noko overskya ver. I nord kunne me skimta Fedjebjørnen, i sør Mehammarsåta og i aust Manger på Radøy. Turen ned gjekk fort og me var attende med bilen på ein halvtime.


3 kommentarer:

  1. Spennande prosjekt, det der, kjekt å sjå at dokker begynne forsiktig. Husk dog sikringsutstyr når dokker reise te Fedje...
    EirikB

    SvarSlett
  2. Minnar om at det i denne digitale tidsalderen er mogleg å ta meir enn eit bilete av ein situasjon. Tilfelle eit av objekta er i ferd med å ta på seg hua eller noko slikt.

    -s

    SvarSlett
  3. kanskje me tok mange bilete, men likte best dette??

    SvarSlett