tirsdag 25. mai 2010

Fjell - Liatårnet

Kommunevåpenet til Fjell ser lovande ut for dristige fjellklatrarar. I tillegg til måsen (som er eit reint plagiat av Haugesund sitt våpen) kan ein skimta tre mektige fjelltoppar.
Dei er betydeleg mindre i røynda, med Liatårenet som den høgaste. 341 meter ragar denne over over Sotra.

Såleis er det ein overkommeleg sundagstur for dei aller fleste. Dersom ein vil gjere litt meir ut av det heile, er det heilt mogleg å legge opp til ein lengre rundtur. Sigrid var i utgangspunktet skeptisk til ein så kort tur som dette, og i bilen vart det rala om at me burde jogga opp på Førdesveten i Sund samme dagen. Det var medan det enda var sol.

Vel framme ved Fjell gard var det berre å spør første og beste pensjonist om vegen. Det lønnar seg som regel og denne dagen var ikkje noko unntak. Han guida oss trygt mot "russerstien" som går frå rv.555 og opp til Fjell Festning. "Russerstien" er ein steinsatt, bratt sti bygd av sovjetiske krisfangar under krigen. Fjell Festning dekker eit stort område og er pepra med interessant krigsminner. Definitivt verdt eit besøk - meir info her. Bjørn Magnus fekk lirt av seg nokre kvalitetsgloser på tysk, og humøret var på topp.

Frå festningsområdet gjekk me ei lita sløyfe sørover og nedover mot vegen igjen, før me retta snuten mot Liatårnet. Sidan dette var andre pinsedag traff me nok av folk. Ulikt turfolk i Bergen, helsar Sotra-strilen på fjelltur. Koseleg.

På veg oppover tjukna det til over oss. Regnet kom likevel ikkje før me akkurat hadde nådd toppen. Då kom òg vinden i kraftig kast. Surt. Me fekk overtalt ein bikkjekald joggar i tights til å ta eit bilete av oss. Ikkje før han hadde forbanna veret første gangen, så kom haglet piskande. Han angra på at han hadde valgt kondomdressen denne dagen. Noko alle som har brukt kondomdress egentleg burde gjere.

Sigrid, Bjørn Magnus, Kristian og Jon Arve

Turen opp tok ein time, ned noko mindre. Då drog Bjørn Magnus fram den store, gode sjokoladen sin, og alle koste seg. Men sidan ingen hadde kledd seg spesielt godt, og såleis var ganske våte, vart det ikkje snakka meir om Sund og Førdesveten.