torsdag 24. juni 2010

Fedjebjørnen temma!

Fedje er den minste kommunen i Hordaland, 9,4 km2 stor. Liten i areal, stor i opplevingar! Eller kanskje meir middels i opplevingar. Det kjem vel ann på auge som ser. Det er uansett ikkje ein kommune du kjem til med mindre du har eit konkret ærend. Øya ligg langt frå allfarveg for oss som forflytter oss mest på land. Den ligg derimot midt i farleia for skipstrafikken. Som ein følgje av dette ligg Fedje sin største attraksjon natulegnok på havbotnen. U-864, med sine 65 tonn kvikksølv, ligg feilparkert på 150 meters djupne i Fedjeosen. Han blir dyr å taue vekk, men vekk skal han (?). Nok om det. 
Hovudgrunnen vår til å besøke Fedje i juni var fotball på lågt nivå. Hordaland fotballkrets hadde med all sin kløkt funne ut at fotballaget vårt skulle møte Fedje på sommarens mest forblåste dag. Liten storm på utsette stader kunne Eli-Kari love. Og Fedje-grusen er ein utsett stad.

Problemene byrja tidleg. Halve laget skulle sigle opp frå Bergen i optimistjolla til Jan Magnus "Kaptein Vom" Aase dagen i forvegen. Dei stranda på Manger då motorhavari førte til mytteri blandt mannskapet frå Årstad. Dei vart liggande på Manger til dagen etter. Resten av laget måtte såleis kjøre omveg for å plukke opp dei skipsbrotne sjøhulkane. Dette førte igjen til at det ikkje vart tid til å handle proviant. Det vart eit råkjør for å nå ferja til Fedje, men det gjekk med eit nødskrik. Proviantbunkring var sett på som viktig, sidan mesteparten av laget hadde planlagt å overnatte ei natt i telt på Fedje. Når me så kom over til øya, viste det seg at nærbutikken hadde lukka dørene for helga. Desperasjonen slo ned i samtlege, spesielt i nemnte Kpt.Vom. Det var likevel ikkje tid til å bekymra seg, kampen starta straks. Som i dårlege lag flest, skranta det på oppmøtet og ei kjapp opptelling synte 10 mann. Mario Stecher fekk ein vanskeleg jobb med å velgje formasjon. Kampen vart en parodi av ein fotballkamp og minna aller mest om ein ørkenstorm, der vernebriller burde vore obligatorisk utstyr. Til alle si store øverasking vant me kampen 2-1, etter ein imponerande laginnsats. 

Så synte fru Fortuna seg igjen frå si beste side. Det var nyleg starta ein kafe/pub/resturant i Fedje sentrum! Pernillekafeen vart vår redning. Der fekk me middag, øl, samt brød og egg til frokosten dagen derpå. Til alt overmål synte Pernille fotball-vm i kafeen. Det vart ein nydeleg kveld der munnspelet til Stig etterkvart følgde opp festfotballen til Danmark. Då me kom attende til teltet var dette delvis blåst vekk, men det ordna seg det òg.

Dagen etter var det tid for ettertanke og fjellvandring. Den ville Fedjebjørnen ligg eit par kilometer sør for Fedje sentrum. Frå bilen tok turen omlag 5 minutt. På tross av dei lusne 42 moh, var utsikten svært god, men å kalla Fedjebjørnen for eit fjell blir nok å ta litt hardt i. Han framstår meir som ein liten haug i landskåpet av kystlynghei. Dette la ingen dempar på feiringa over å nå toppen og augneblikken vart dokumentert med kamera.  På tross av fleire forsøk var det ikkje mogleg å få teke eit bilete utan at Mario skjemma seg ut. Til venstre kan ein skimta Holmegrå Fyr. Det er gjerne like greitt å ikkje sjå til høgre.



4 kommentarer:

  1. vart bilete kalt "dark side of the moon"?

    SvarSlett
  2. Uten helt og drikke duger maten ikke!

    SvarSlett
  3. dark side of the moon... :)
    jaja, det er tydeleg kva Mario meiner er hans beste side..

    kristian

    SvarSlett
  4. i mitt forsvar så må eg si at eg regnet ikkje med at dere rakk å ta bildet mens eg køddet meg, OG eg e rimelig sikker på at det finnes flere bileter i andre mer barnevennlige versjoner.
    OG, ikje glem kem som e eldst!

    SvarSlett