onsdag 8. september 2010

Montanus Gulus

Gulfjellet (Gulfjellstoppen) er Bergens høgaste punkt.Pretensiøse bergenserar kallar toppen Gullfjellet. Namnet har ingenting med edelt metall å gjera, ein reknar i staden med at gul kjem av vind. Jan Magnus, Eivind Hjallis, Sigrid, Jon Arve og Kristian la i veg etter jobbtid tirsag 8. september. Strålande seinsomarver og godt humør på samtlege, bortsett frå Hjallis som tidleg gjorde det klart at han sleit med ein skade frå fotballtreninga dagen før.

Eit openbart strategisk feilgrep var å gå opp frå Gullbotn, sidan me då gjekk i skugge heile vegen. Prioriteten var uansett å komme seg raskt opp og ned for òg å få med seg Norge sin landskamp mot Portugal. Tempoet var nok til å få puls og for lågt til å mista pusten. Praten gjekk såleis livleg oppover lia.


Etter ein kort og ein litt lengre pause nærma me oss toppen raskt. Eit par andre sjeler møtte me òg. Frå toppen var det fin utsikt i alle retningar. Jon Arve kunne sjå heim til Tysnes og var difor i perlehumør. Turen opp tok 1,5 time inkludert pausar. Same vegen ned vart gjort unna på ein liten time. Ein perfekt kveldstur med andre ord. Berre Jan Magnus hadde tidlegare vore på Gulfjellet, men alle var einige om at toppen er undervurdert samanlikna med dei andre turfjella rundt Bergen. Definitivt verdt eit besøk! Dersom ein startar turen i Gullbotn tjuvstartar ein litt og slepp unna med omlag 760 meter stigning av dei opprinnelege 987.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar