søndag 26. september 2010

Fisketur i Øygarden


Fine dagar bør brukast utandørs og laurdag 25. september var ein slik. Signe, Jon Arve og Kristian pakka sekken med sjokolade, kaffi, fiskestenger og ved og sette kursen mot vest. Fiske- og "topptur" i Øygarden!

Saman med 14 varmegrader og strålande sol kjem me til Rong senter. Der er stemninga lystig, mykje på grunn av ein kar med trekkspel. Ting er som det skal på strilelandet. Fiskestenger har dei derimot ikkje så mykje av, men me klarer oss med dei to me har. Frå Rongøy går øyhoppinga vidare til Blomøy. Der er Blomøyknuten lett å få auge på. Ikkje på grunn av den enorme høgda, men haugen er pryda med masse antenner og ein tysk bunkers. Ferda opp går gjennom nokre hagar og opp ein liten klatrevegg. Signe er framtung nok til å halda balansen i henget opp. Turen tek omlag 10 minutt frå riksvegen. Oppe er det fin utsikt, spesielt frå inni bunkersen.

Vidare går turen til Sælvågen, der me slår leir. Me dreg opp eit par lyrar og kosar oss i sola. Maten består av drytech, stekt lyr og sjokolade. Kos.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar