Søndag 25.04.2010


På denne søndagsturen var me så heldige å få med oss Signe og Sigrid, dei respektive fruene. Frå Bergen var det omlag 40 minutts kjøring før me kom til Skurtveit, som ligg på vestsida av fjellet. Turen oppover gjekk på ein fin sti i eit fint terreng. Oppe på platået mista me raskt stien, men kom oss likevel greit innover. Signe trossa graviditetskvalmen og etter omlag 1,5 time fann me varden som markerar Eldsfjellet sitt høgaste punkt. Det var sterk vind, men med kaffi og nokre sjokoladerestar var humøret på topp.
Utsikten frå toppen var god på tross av noko overskya ver. I nord kunne me skimta Fedjebjørnen, i sør Mehammarsåta og i aust Manger på Radøy. Turen ned gjekk fort og me var attende med bilen på ein halvtime.